Optimisme
i Hønefoss
Ringerikes
høyreekstremister - Unge gutter
med problemer
Ringerike Antirasistisk Ungdom (RAU) har lenge stått ganske aleine
om å konfrontere nazistane i Hønefoss. No ser det ut til at
eit nytt nettverk vil bli stabla på beina, og at kampen mot nazismen
går inn i ei ny fase.
Det er tidleg på kvelden ein fredag i januar. Vi har vore i Hønefoss
fleire gonger tidlegare, men no skal vi møte representantar for dei
som har fått føle nazistane sine herjingar på kroppen.
Ringerike Antirasistisk Ungdom (RAU) har stått på barrikadane
sidan mai 1994. Frå første stund har medlemmene av RAU blitt
sjikanert og banka opp av nazistar frå Hønefoss, Sokna og andre
bygder i området. Men dei har også møtt motbør
frå politikarar, pressa og ikkje minst politiet.
Stoppar nazistane
Men dei har ikkje gjeve opp, tvert imot. Det er to optimistiske RAU-medlemmer
som møter oss. Dei veit det meste om det som har skjedd i Ringerike
kommune dei siste fire åra, men er mest opptekne av å fortelle
kva som skal skje i framtida.
Eit nytt nettverk er i ferd med å bli etablert. Etter at nazistane
fekk marsjere gjennom Hønefoss 7. november 1997, reagerte antirasistane,
og no er Aksjon Stopp Nazistane ein realitet. På eit folkemøte
midt i adventstida samla det seg over 100 menneske, og organisasjonar som
Lærarlaget, LO, Norsk Kommuneforbund, Ringerike for Toleranse og Trygghet
(RFTT), AUF, Internasjonale Sosialistar (IS) og RAU er no i gang med å
bygge opp ein samla front mot kreftene på ytre høgre.
- Vi står ikkje lenger aleine, seier dei to antirasistane.
Fram til no har RAU i praksis ført ein ganske einsam kamp. Verbal
støtte har dei fått, men i det praktiske arbeidet har det stått
mykje att å ønske. No ser det ut til at fleire vil ta ansvar
for å gjere Ringerike til ein tryggare kommune for både innfødde
og innflyttarar, uavhengig av hudfarge.
Miljøet
Det nazistiske miljøet i Hønefoss-distriket er bygd opp rundt
eit par sentrale figurar som Fred Ove Olsen, Kjell Arne Karlengen og Tommy
Tangen. Rundt desse leiarfigurane finns det ei hard kjerne med yngre, mindre
ideologisk funderte slosskjempar. I periferien finn ein ei brokete gruppe
av sympatisørar som meir eller mindre er med på det som skjer.
Oppblomstringa på nitti-talet starta med ein nazi-marsj gjennom Hønefoss
påskeaften 1993. Eit tretti-tals nazistar fekk marsjere gjennom sentrum
av byen, men nokre vart seinare stoppa av politiet og ein ladd pistol vart
funne i ein bil.
Nazi-vald
Dette var opptakten til ei lang rekke valdelege episodar der både
innvandrarar og antirasistar vart målskiver. I perioden kan ein dokumentere
over tjue tilfelle der antirasistar har blitt fysisk banka opp av nazistar,
fem eller seks tilfelle der nazistar har skote med skarpt, signalpistolar
eller paint-ball-våpen mot antirasistar, og eit utal trugsmål
med våpen som pistol, balltre, kjetting og kniv. I eit tilfelle vart
fire antirasistar på veg heim passa opp av ein gjeng nazistar, og
banka opp. I følge politiet var dette angrepet eit reint drapsforsøk,
og to måtte leggast inn på intensivavdelinga på sjukehuset
med alvorlege skadar. Saka er ikkje oppklart.
Nazistane i Hønefoss har også arrangert fleire marsjar gjennom
byen, og ved fleire høve har dei hatt med seg forbundsfeller frå
andre delar av landet. Ved eit høve angreip ei slik gruppe huset
til ein innvandrarfamile med tåregassgrantar midt på natta.
I januar 1995 sendte nazistane bombetruslar mot eit folkemøte der
mellom anna ordførar og andre sentrale politikarar var til stades.
Vingeklippa
I dag er miljøet delvis vingeklippa. Element i miljøet er
stadig inne til soning av valdsdomar, og i tillegg har kommunen gjennom
sosialetaten sørga for å "omplassere" ein del personar
til andre delar av landet. Det var difor overraskande for mange at nazistane
klarte å arrangere ein marsj gjennom Hønefoss den 7. november,
like i forkant av Krystallnatta.
"Bandekrig"
Dei to RAU-medlemmene vi møter er lite imponert over den støtta
dei fram til no har fått av kommune og politi.
- Politiet har gjort det dei kan for å få det til å
sjå ut som ein bandekrig, seier dei oppgitt. -Vi har ved fleire
høve bedt politiet om assistanse, men dei nekter å rykke ut.
Som andre stadar i landet har difor også RAU fått erfare at
dei må forsvare seg sjølv mot den nazistiske valden. Etter
episodar der politiet har nekta å rykke ut, har politiet og media
i ettertid omtala slosskampane som følgjer, som utslag av ein bandekrig.
Ordførar Kolbjørn Kværum har fleire gonger sagt at "En
kølle er en kølle, uavhengig av hvem som bærer den".
Det har vore lite vilje til å ta eit ideologisk standpunkt for antirasistane
og mot nazistane. Kværum var den første ordføraren i
landet som under "Sirkus midgard" (tokt mot rasisme) i 1994 ikkje
ville erklære kommunen som antirasistisk sone. Politiet forsøkte
også å nekte RAU å arrangere antirasistisk fakkeltog hausten
1994, etter at nazistane hadde marsjert gjennom Hønefoss. Saka vart
til slutt anka inn for justisdepartementet, som gav løyve til demonstrasjon.
- Politiet meinte at vi ikkje kunne få løyve utan at "den
andre sida" også fekk marsjere, seier RAU-medlemmene oppgitt.
- Politiet har konsekvent berre kalla nazistane for "den andre sida."
- Etter at folkemøtet i 1995 måtte flyttast på grunn
av bombetruslar, gav faktisk møteleiinga nazistane løyve til
å gå på talarstolen for å spreie sin propaganda,
fortel ungdomane.
Vaksen støttegruppe
Som eit resultat av den manglande vilja frå politiske miljø
til å støtte dei unge antirasistane, vart Ringerike for Toleranse
og Trygghet (RFTT) oppretta. Dette var ein organisasjon av og for vaksne.
Men også denne organiasjonen opplevde at kommunale organ og politi
ikkje tok problema på alvor. Leiande personar opplevde fleire gonger
hærverk og opne trugsmål mot dei sjølv og familien, men
politiet har nekta å ta trugsmåla alvorleg. Resultatet av dette
vart at sentrale folk har trukket seg tilbake. og at RFTT har blitt mindre
aktiv.
Ny optimisme
Men RAU-medlemmene ser meir positivt på situasjonen no. Nye personar
innanfor LO og Arbeidarpartiet har tatt eit oppgjør med gamle haldningar
til problemet, og det nye nettverket ser ut til å famne breidt og
djupt. Kommunepolitikarane ser også ut til å endre syn på
deira rolle, og kommunen har no tatt ansvar for å markere kommunen
som antirasistisk sone gjennom praktisk politikk og markeringar. Ein får
håpe at nazimarsjen 7. november i fjor var starten på slutten
for det nazistiske miljøet i Hønefoss-distriktet.
RINGERIKES
HØYREEKSTREMISTER
Det har eksistert et aktivt nynazist-miljø på Ringerike
siden begynnelen av 90-tallet. Ringerike-området hadde i 1995 10%
av landets nynazister. Til sammenligning har området under 1% av Norges
befolkning. Ringerikes nynazister har blandt annet opptrådt under
navn som Norsk Patriotisk Ungdom, Norsk Arisk Ungdomsfront. (NAUF) og Viking
seksjon Ringerike/Hønefoss vest. Miljøet har markert seg som
svært voldelig og vert preget av stor gjennomtrekk. Monitor presenterer
her et par av de som for tiden er aktive.
Den 25 år gamle Kjell Arne Karlengen var mannen med skjenkebevilgningen
på nyttårskonserten i Nittedal, og også blandt de arresterte
i Sverige i år. Karlengen var også blant de arresterte på
aker kulturverksted.
Fred Ove Olsen har ønsket, og til dels hatt, en viss lederposisjon.
Olsen sto på 3. plass på Buskerud Hvit Valgallianses valgliste.
Han har vært dømt for vold og vinningsforbrytelser, og var
blandt de arresterte på aker kulturverksted.
Tommy Tangen har markert seg sterkt i forbindelse med voldsepisoder
siden han kom i mijøet. Tangen var også blandt de arresterte
på aker kulturverksted, Da nazireiret ble stormet av politiet i februar
1995.
Werner Holm fra Harestua (Hadeland) var en av bakmennene ved konserten
nyttårsaften. Han er medlem av bandet "Vidkuns venner".
Holm er dømt for knivstikking og annen voldsbruk. Jørn
Johansen gikk fra å være satanist til nazist. Han er kansje
en av de mest ideologisk orienterte. Lite aktiv reint voldelig sett, men
sentral. Har konkurrert med Olsen om lederposisjonen. Forlot Aker kulturverksted
før arrestasjonene.
-Unge
gutter med problemer
Monitor møter Egil Lysgård, fritidsklubbleder og leder for
oppveksttjenesten og Karianne Berg fra ungdomskontakten i Ringerike kommune.
Vi spør om det er noen spesiell type ungdom som havner i de nynazistiske
miljøene.
-Det er for det meste unge gutter med problemer, mange såkalte
skoletapere. Få av dem har noe egentlig ideologisk motiv for å
være med i miljøet. For de fleste handler det mere om gjengtilhørighet.
Ungdommene rekrutteres først og fremst gjennom fester og konserter,
for eksempel ved turer til nazikonserter i Sverige. Miljøet er lett
å komme inn i, bli akseptert i, og vanskelig å gå ut av
grunnet trusler fra både det nynazistiske miljøet og antirasistene.
Hva har dere gjort for å bekjempe det nynazistiske miljøet?
-Vi har jobbet med å hindre rekruttering til miljøet og
å få de yngste ut av miljøet. De eldre, og som oftest
mer ideologisk forankrede, kommer ikke innenfor vårt arbeidsområde.
Vi har hatt en kampanje rettet mot voldelige miljøer generellt. De
siste somrene har vi opprettet sommerjobber spesiellt for belastet ungdom,
for å hindre lediggang og oppblomstring i miljøet som følge
av at folk driver rundt og kjeder seg. Ellers har vi samarbeidet med andre
organisasjoner, for eksempel en motorsportklubb og bygget en go-cart bane,
der ungdommene kan få utløp for rastløshet og aggressivitet
på en mer positiv måte. Barnevernet har også vært
nødt til å flytte noen ungdommer til andre steder i landet.
På den måten har vi fått splittet miljøet, og det
siste året har det vært ganske rolig her.
Tror dere at situasjonen vil holde seg, eller er dette et "stille
før stormen"? Nazimarsjen i forkant av krystallnatten tydet
jo ikke akkurat på at miljøet ligger dødt?
-Vi har hatt følelsen av at noe er i gjære i det siste,
men vi vet ikke hva. Samtidig mener vi at tiltakene våre har gitt
gode resultater, og håper at utviklingen vil fortsette i riktig retning.